Punda

Månestøl i Suldal

Historia om Punda

Lat oss ta dykk tilbake til det Herrens år 1951.

Det var eit år med mange storhendingar, både nasjonalt og internasjonalt. Sovjetunionen sprengde si første atombombe. Oddvar Brå vart fødd, Einar Gerhardsen gjekk av som statsminister og Hjalmar «Hjallis» Andersen sette verdsrekord på 5000 meter skøyter i Trondheim.

Men dette vedkom ikkje hovudpersonen i vår historie. Storpolitikk og sportslege prestasjonar var ikkje i tankane til 11 år gamle Ola Hovda denne varme sommardagen. Saman med den halvanna år yngre bror sin var han i ferd med å kjempe seg opp dei bratte bakkane frå bygda Kvilldal til Månestøl i Suldal. Ei ferd på ei mil og 800 høgdemeter.

To snekkarar kommer vandrende frå Kvilldal

Ein dag kom det to snekkarar vandrande frå Kvilldal for å vøla stølshusa. Det var berre eit problem: Dei hadde gløymd øskjene med spiker og boltar. Dei var reint forundra sjølv, dette hadde aldri skjedd før. Kunne dei to gjætarpiltane frå Talgje vere så gode å springe ned til Kvilldal å hente det dei hadde gløymt? Ola og Åsmund såg på oppdraget som ei avveksling i den noko monotone kvardagen på stølen, og tok gladeleg på seg jobben.

Det var far deira, lærar Johan Hovda på Talgje, som meinte at ein sommar med stølsarbeid ville gjere mannfolk av dei. Han skaffa dei jobb som gjætarar på Månastøl i Suldal. Løna var 40 kroner for åtte sommarveker. Det var hardt arbeid for to unge gutar, men dei klarde jobben godt, sjølv om det hende dei gjekk leie av handmjølking, kinnedraging og tidvis lite samarbeidsviljuge kyr.

Det var budeia, ho Kari Rossamyr som var sjefen på stølen. Kari var grei, men av den nøysame sorten. Ho sløsa ikkje, korkje med mat eller ord.

Ola tenker

Brør med tung bør

Sola steika. Sveitten rann og væta dei lyse luggane. Dei hadde kvar sin hjuringsekk på ryggen, fulle av spikrar og boltar.

Børa var tung og reimene gnog seg inn i skuldrene. Føtene, som sprang så lett ned bakkane nokre timar tidlegare, kjendest no tunge som bly.

Åsmund gjekk først. Ola kom like bak. Dei utveksla ikkje eit ord. Til det var dei for trøyte, for varme, for tyrste.

No, medan han sleit seg oppover bakkane, kjende Ola på heile kroppen at han angra på den avgjersla. Den som heller kunne sitte i et svalt fjøs og mjølka! Kvifor kunne ikkje desse hottentottane av nokre snekkarar grove seg ned til bygda og henta spikrane sine sjølv?

Ola stoppa opp. Turka sveitta av panna og løfta blikket. Det var endå langt igjen. Han såg ryggen i bror sin, såg at han sleit han og. Ola sukka tungt. Han kunne ikkje anna gjere enn å halda fram. Skritt for skritt.

Tankespinn i motbakke

Tankane flaksa rundt i hovudet hans, men fann ingen kvist å kvila på. Kva var meininga med dette strevet? Det måtte vel finnast andre måtar å frakte tung last på, enn å røyne spinkle guteryggar?

Ein traktor?

Nei, den digre jarnhesten var for tung og grov i utforminga til at han kunne ta seg fram her.

Kva med hest og kløv?

Eller ein ponni, slik som Lenden i Stavanger?

Men Ola hadde korkje hest eller ponni. Han kunne ikkje anna gjere enn å slita seg vidare.

Månestøl i Suldal

Deilig er den himmel blå

Det kjendest som dei hadde gått ei heil eva då dei endeleg kom fram til stølen. Kari var nøgd med gutane, og stelte i stand eit godt kveldsmåltid. Snekkarane takka og bukka og sparte ikkje på lovord om dei to gjætarpiltane.

Den kvelden, då Ola krøyp utsliten til sengs, kom ei songstrofe til han: «Deilig er den himmelblå, lyst det er å se derpå». Kvifor han kom på ei julevise midt på lysaste sommaren rakk han ikkje å gruble over, før han sovna som ein stein.

Kvifor fortel me denne historia?

Kvifor er forteljinga om to unge brør med tung bør i bratte motbakkar viktig? Fordi det ble sådd ei spire den sommarnatta i 1951. Ut frå unge Ola sitt mangearta tankespinn og filosofiske hovud steig eit behov og ei ubendig lyst til å forløyse ei utfordring. Zygoten var på plass. Konsepsjonen var fullbyrda. Ein uidentifisert idé hadde festa seg til livmorveggen.

Men svangerskapet skulle bli langvarig.

Ola Hovda har vore filosofisk anlagt heile livet. Tenkjande. Grublande. Ei evig søken etter svar. Finna ut av ting. Løysa problem. Etter kvart som åra gjekk kretsar tankane hans ofte innom « dette», til openberringa han hadde den sommarnatta i 1951.

Tidleg steig hjulet opp frå tankedjupet

Eit av menneskeheitas mest grunnleggjande og viktigaste oppfinning. Dette sirkelforma kraftsenteret, identisk med sirkelen, og dermed ei avleiing av andregradslikninga. Det måtte bli utgangspunktet for oppfinninga han bala med i hovudet sitt.

Men korleis skulle han materialisere det?

Det einaste senteret Ola kjende til var ein Marna-motor med bak-start i faren sin motorbåt. Ja, også treskemotoren til det ambulerande treskeverket på Talgje.

Han kom ingen veg med dette flakkande tankespinnet. Dessutan hadde han anna å tenkje på. Ola ville bli noko i livet.

Ola var skuleflink.

Hadde mor hans fått bestemme hadde han anten blitt sokneprest ein stad nordpå — eller disktrikslege i Ryfylke.

Men det var heilt andre ting unge Ola var oppteken av.

«Teknikk, makk og mold», seier han sjølv om interessefeltet sitt.

Han var 15 år då han starta på Rogaland offentlege landsgymnas på Bryne, den yngste nokosinne. Landsgymnaset var ei oppsamling av skulelys frå distrikta.

Ola treivst godt. Einaste han uroa seg over var den manglande skjeggveksta. Dei andre mannlege medelevane hadde langt meir ansiktshår å vise til. Eit anna problem var fransktimane.

Ola hata fransk

Kva var eigentleg vitsen med å bøye franske verb? Og kva var eigentleg hensikta med livet? Ofte sat han å stirra ut vindauga i klasserommet. Ute skein sola, vipa kvitra, det var vår. Han såg ein bonde i ferd med å pløye ein åker. Ola skulle gjerne byte med bonden. Alt var betre enn franske gloser. Mismotet seig på.

Men «din tanke er fri» og Ola let tankane vandra. Til «dette», «det som skulle bli», til ideen han gjekk svanger med. Han begynte å skissa opp.

Tidlig skisse av Punda

Ola begynte å skissa opp

Kraftsenteret kom på plass. Ein totaktar sykkelmotor av merke Sachs, styrehandtak à la Underhaug og støttehjul. Skissa la han inn i franskboka.

Siste skuledag vart franskboka kasta i veggen av rein frustrasjon, eller var det pur glede og lettelse? Så la han den vekk med ønskje om aldri å opne den igjen.

Og slik går no dagane …

I militæret utdanna han seg til flymekanikar.

Deretter gjekk vegen vidare frå Tveit jordbruksskule til landbrukshøgskulen på Ås, eller Norges Miljø-og biovitenskaplige universitet som det heter.Han har vore både rektor, lektor og professor på fleire utdanningsinstitusjonar. Han har arbeid mykje med praktisk pedagogisk utviklingsarbeid, og teke initiativ til å oppretta diverse pedagogiske institusjonar, som Vinterlandbruksskulen på Jæren i Ryfylke. Hovda har i tillegg arbeid mykje med invensjonar, og var i 15 år formann i Rogaland Oppfinnerforening. Han starta verksemda «Trivselsystem» og han stifta familie. Han var ein mann med mange jern i elden. Openberringa frå sommaren på Månestøl blei det lite tid til å tenkje på.

Ola rydda i gamle bøker

Skissa i franskboka

Heilt til ein dag tidleg på 80-talet då han rydda i gamle bøker. Nedst i ei øskje låg den gamle franskboka. Då han tok den opp flagra skissa ut. Ola var no 40 år, og studerte teikningane med nye, meir erfarne auge.Det var slettes ikkje så dumt dette, tenkte, gjorde nokre justeringar og sendte teikningane til Statens Oppfinnarkontor. Det var verdt eit forsøk. Og det viste seg å vere lurt.

Oppfinnarkontoret meinte ideen hadde noko for seg, og skissa han hadde teikna i ein ulideleg keisam fransktime på landsgymnaset vart honorert med kr 50 000.

No fekk Ola ny giv. Stipendet vart nytta til å finna fram til ei energikjelde. Ein stjernemotor med tilhøyrande hjelpekomponentar vart diskutert med høgt skulte forståsegpåarar innan teknikk.

Prosjektskisse av Punda-hjulet med fossil-motor

Resultatet

… blei langt frå det enkle og elegante Ola såg for seg i fransktimen.

Nyttelaust

Resultatet: Eit «skjerareir» av tannhjul, stag, reimar, akslar.

Det måtte vere noko som kunne gå av seg sjølv, både framover og bakover. Noko som ikkje trong meir enn si eiga trekkraft. Eit hjul på kring 70 centimeter, kanskje, eller ei svingod alen, tilpassa menneskekroppen. Han prøvde seg med både motorsykkelmotor og flymotor utan å lukkast.

Mismodig måtte han slå fast at 50 000 strakk ikkje til.

Det var nyttelaust. Ideen vart lagt til side. Han hadde ikkje tid til å putle med noko som ikkje ville bli noko av. Han haldt fram med livet sitt.

Ola møtar Arne Nordbø i kyrkja

Møte på kyrkjebakken

Åra gjekk. Ola vart pensjonist. Han har heile livet vore aktiv kyrkjegjengar. Ein sundag i 2018 var han på Gudsteneste i Talgje kyrkje saman med kona si, Ruth Alfhild.

I ei av benkene sat Arne Nordbø, lærar på skuleskipet Gann, elektrikar av utdanning, men driv også som komikar. Ola og Arne viste om kvarandre frå før, og kom i prat på kyrkjebakken. Arne hevda at han vart invitert på middag.

Ola har ein anna versjon: «Han følgde med oss heim, og me kunne ikkje anna enn å be han med inn.»

For det er ikkje berre er humor og glimt i auge dei to har til felles. Dei er begge innovative grublarar, filosofisk anlagt, med ei ustanseleg kvern av kreative tankar og idear under topplokket.

Og medan sundagsmiddagen vart fortært fortalde Ola om ideen han hadde gått svanger med sidan gutedagane.

Han fortalde om dei tunge motbakkane og franskboka, om hjulet og eit sjølvgåande kraftsenter.

Og Arne lytta.

Eller, det er vel kanskje å ta hardt i. Arne lytta litt, spurde mykje og snakka mest. Ola måtte rekke opp handa for å få ordet påstår han. Ballar blei kasta fram og tilbake over kjøkkenbordet på Talgje. Arne meinte forbrenningsmotoren, anten det var ein Sachs eller stjerneutforming ikkje var liv laga. Til Bloksberg med det fossile!. Einaste som duger, meinte Arne, var ein elektrisk rim-motor. Det ville bli ei doning med eit eventyrleg moment og brukbar effekt. Akkurat det som trengs for at «dette» skulle få ein universell karakter. Ola genererte ikkje motstand. Han vedgjekk at middagsgjesten hadde rett, sjølv om det ikkje var Ola sjølv som hadde kome på det.

Ola var glad. Han hadde fått seg ein «partner in crime». Dette skulle dei få til. Saman. Dei var einige om at dette kunne bli noko stort, noko nytt, ei revolusjonerande oppfinning.

For «det motsette av å utvikla er å innvikla», som Arne plar seie. Det må vere enkelt, helst så enkelt at alle tenker: «Det der kunne vel ein kvar tosk tenkt ut!»

No var forløysinga i gong. Riene var sterke.

Men barnet måtte ha eit namn.

Punda blir til

Den universelle karakteren dei ville ha tilsa at bruken og bruksområde måtte stå sentralt i val av namn. Storleiken på produktet måtte vera meir enn ei mannskraft, kanskje meir som ein fjording.

Punda, foreslo Arne. Det er swahili og tyder esel. Dette vesle, viljesterke dyret har gjennom alle tider vore eit viktig hjelpemiddel for mennesket. Det er berre å lese i Skrifta. Kven var det som frakta den høggravide Maria til Bethlehem? Og kva var det Jesus sat på då han rei inn i Jerusalem?

Jo, eit esel.

Ola var einig. Namneforslaget var genialt. Det har ein fin, internasjonal klang. Det er lett å bruke og opnar for kreativ tenking. Nøgd kunne akademikaren fastslå at dei i praksis hadde fått eit nytt sjølvstendig ord som ikkje var eit synonym. Dersom det skulle komme opp tilsvarande produkt, vil det vere ein kopi. Hjulet og eselet, eller fjordingen for den del, har jo mange bruksområde. Dersom nokon til dømes vil dra opp båten på hytta og treng hjelp, så er Punda eit godt alternativ. At det tilhøyrande verbet pundera kanskje var litt for tidleg å lansera, var dei også samde om.

Dermed hadde babyen fått eit namn.

Men dei nybakte foreldra hadde endå lang veg å gå.

Prosjektskisse av Punda-hjulet med fossil-motor
Lite av slikt som dette: Bensin og mykje rallemikk.
Punda som elektrisk hjul
Mykje av dette: Elektrisk og lite rallemikk.

Kreativt utanomsnakk

Det blei mange frukostar på kjøkkenet til Ola og Ruth Alfhild. Og då er me inne på noko viktig. For utan Ruth Alfhild sine solide og forseggjort frukostar er det ikkje sikkert det hadde blitt noko av.

Arne er tydeleg på det: «Eg ser ikkje for meg at eg framleis hadde vore med på dette viss eg hadde fått servert pulverkaffi i pappkopp — og kjeks!»

Møta var velsigna ineffektive med utanomsnakk om filosofi, teologi, kultur, politikk, gamle og nye skrøner, og elles andre ting som gir livet meining og farge.

Dei er begge overtydde om at alt utanomsnakket var ein faktor til suksess i oppstarten av prosjektet.

Men snakk er ikkje nok.

Handling må til.

Økonnomi er viktig, men folk — det er den einaste avgjerande resursen

Dei innsåg tidleg i prosessen at dei måtte få med seg folk som hadde peiling der dei ikkje hadde peiling , og som delte trua deira på den nyfødde. Og som kunne tenkja å ta på seg fadderoppdraget.

Folk som kunne identifisere seg med fagområdet, og samstundes bidra teknisk, og hjelpe barnet ut i verda til ein marknad når det var modent for det.

Ola og Arne får med Per Ivar på laget

Per Ivar

Den første dei ville snakke med var Per Ivar Selvåg, fognabu og eit stjerneskot innan det som på fagterminologi heiter design-thinking. Han var allereie i ung alder ein ettertrakta designar av globalt format, og har jobba for verdas største bilprodusentar, blant anna som sjefsdesignar for Peugeot i Paris. Han har budd og jobba i England, Tyskland, Frankrike, Italia og USA. Per Ivar har designa nokre av dei dyraste bilane i verda. Hans kunnskap og råd ville ha stor verdi.

Arne og Ola tok kontakt, og blei invitert til Fogn.

Per Ivar lytta, og kom med konstruktive og ikkje minst oppmuntrande tilbakemeldingar.

«Dette har jo eit stort skaleringspotensiale» og «Det er jo ikkje den fattige kona i Afrika som skal betale for dette. Det er det FN som skal gjere».

Sidan har Per Ivar vore ei viktig brikke i prosessen som rådgjevar og mentor.

Ola og Arne får med Vidar på laget

Vidar

Neste mann på lista var Vidar Løtveit. Han har konstruert elektriske maskinar i mange år, og driv i dag selskapet Elmotor AS. Det han ikkje veit om motorar og maskinar er ikkje verdt å vete. Entusiasmen var ikkje mindre etter det møtet. Han sette verkeleg mot i oss, fortel Arne. Heilt utan vederlag har han konstruert, teikna og berekna motoren. Han har kome med gode tekniske innspel, og svara Ola og Arne på ei endelaus rekke av spørsmål.

Vidar skal veldig mykje av takka for at dei fekk ein prototype sveiv, før prosjektbudsjettet passerte ein million.

Punda som elektrisk hjul

Punda veks

Nå har Punda flytta ut frå foreldra, og har nå mange rundt seg som med omsorg og entusiasme hjelper den opp og fram.

Og hjelp vil den trenge endå av mange endå ei stund før Punda står på eigne bein.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *