Kapittel 1: Frå ide til oppstart
Historia om Punda Lat oss ta dykk tilbake til det Herrens år 1951. Det var eit år med mange storhendingar, både nasjonalt og internasjonalt. Sovjetunionen sprengde si første atombombe. Oddvar Brå vart fødd, Einar Gerhardsen gjekk av som statsminister og Hjalmar «Hjallis» Andersen sette verdsrekord på 5000 meter skøyter i Trondheim. Men dette vedkom ikkje hovudpersonen i vår historie. Storpolitikk og sportslege prestasjonar var ikkje i tankane til 11 år gamle Ola Hovda denne varme sommardagen. Saman med den halvanna år yngre bror sin var han i ferd med å kjempe seg opp dei bratte bakkane frå bygda Kvilldal til Månestøl i Suldal. Ei ferd på ei mil og 800 høgdemeter. Ein dag kom det to snekkarar vandrande frå Kvilldal for å vøla stølshusa. Det var berre eit problem: Dei hadde gløymd øskjene med spiker og boltar. Dei var reint forundra sjølv, dette hadde aldri skjedd før. Kunne dei to gjætarpiltane frå Talgje vere så gode å springe ned til Kvilldal å hente det dei hadde gløymt? Ola og Åsmund såg på oppdraget som ei avveksling i den noko monotone kvardagen på stølen, og tok gladeleg på seg jobben. Det var far deira, lærar Johan Hovda på Talgje, som meinte at ein sommar med stølsarbeid ville gjere mannfolk av dei. Han skaffa dei jobb som gjætarar på Månastøl i Suldal. Løna var 40 kroner for åtte sommarveker. Det var hardt arbeid for to unge gutar, men dei klarde jobben godt, sjølv om det hende dei gjekk leie av handmjølking, kinnedraging og tidvis lite samarbeidsviljuge kyr. Det var budeia, ho Kari Rossamyr som var sjefen på stølen. Kari var grei, men av den nøysame sorten. Ho sløsa ikkje, korkje med mat eller ord. Brør med tung bør Sola steika. Sveitten rann og væta dei lyse luggane. Dei hadde kvar sin hjuringsekk på ryggen, fulle av spikrar og boltar. Børa var tung og reimene gnog seg inn i skuldrene. Føtene, som sprang så lett ned bakkane nokre timar tidlegare, kjendest no tunge som bly. Åsmund gjekk først. Ola kom like bak. Dei utveksla ikkje eit ord. Til det var dei for trøyte, for varme, for tyrste. No, medan han sleit seg oppover bakkane, kjende Ola på heile kroppen at han angra på den avgjersla. Den som heller kunne sitte i et svalt fjøs og mjølka! Kvifor kunne ikkje desse hottentottane av nokre snekkarar grove seg ned til bygda og henta spikrane sine sjølv? Ola stoppa opp. Turka sveitta av panna og løfta blikket. Det var endå langt igjen. Han såg ryggen i bror sin, såg at han sleit han og. Ola sukka tungt. Han kunne ikkje anna gjere enn å halda fram. Skritt for skritt. Tankespinn i motbakke Tankane flaksa rundt i hovudet hans, men fann ingen kvist å kvila på. Kva var meininga med dette strevet? Det måtte vel finnast andre måtar å frakte tung last på, enn å røyne spinkle guteryggar? Ein traktor? Nei, den digre jarnhesten var for tung og grov i utforminga til at han kunne ta seg fram her. Kva med hest og kløv? Eller ein ponni, slik som Lenden i Stavanger? Men Ola hadde korkje hest eller ponni. Han kunne ikkje anna gjere enn å slita seg vidare. Deilig er den himmel blå Det kjendest som dei hadde gått ei heil eva då dei endeleg kom fram til stølen. Kari var nøgd med gutane, og stelte i stand eit godt kveldsmåltid. Snekkarane takka og bukka og sparte ikkje på lovord om dei to gjætarpiltane. Den kvelden, då Ola krøyp utsliten til sengs, kom ei songstrofe til han: «Deilig er den himmelblå, lyst det er å se derpå». Kvifor han kom på ei julevise midt på lysaste sommaren rakk han ikkje å gruble over, før han sovna som ein stein. Kvifor fortel me denne historia? Kvifor er forteljinga om to unge brør med tung bør i bratte motbakkar viktig? Fordi det ble sådd ei spire den sommarnatta i 1951. Ut frå unge Ola sitt mangearta tankespinn og filosofiske hovud steig eit behov og ei ubendig lyst til å forløyse ei utfordring. Zygoten var på plass. Konsepsjonen var fullbyrda. Ein uidentifisert idé hadde festa seg til livmorveggen. Men svangerskapet skulle bli langvarig. Ola Hovda har vore filosofisk anlagt heile livet. Tenkjande. Grublande. Ei evig søken etter svar. Finna ut av ting. Løysa problem. Etter kvart som åra gjekk kretsar tankane hans ofte innom « dette», til openberringa han hadde den sommarnatta i 1951. Tidleg steig hjulet opp frå tankedjupet Eit av menneskeheitas mest grunnleggjande og viktigaste oppfinning. Dette sirkelforma kraftsenteret, identisk med sirkelen, og dermed ei avleiing av andregradslikninga. Det måtte bli utgangspunktet for oppfinninga han bala med i hovudet sitt. Men korleis skulle han materialisere det? Det einaste senteret Ola kjende til var ein Marna-motor med bak-start i faren sin motorbåt. Ja, også treskemotoren til det ambulerande treskeverket på Talgje. Han kom ingen veg med dette flakkande tankespinnet. Dessutan hadde han anna å tenkje på. Ola ville bli noko i livet. Ola var skuleflink. Hadde mor hans fått bestemme hadde han anten blitt sokneprest ein stad nordpå — eller disktrikslege i Ryfylke. Men det var heilt andre ting unge Ola var oppteken av. «Teknikk, makk og mold», seier han sjølv om interessefeltet sitt. Han var 15 år då han starta på Rogaland offentlege landsgymnas på Bryne, den yngste nokosinne. Landsgymnaset var ei oppsamling av skulelys frå distrikta. Ola treivst godt. Einaste han uroa seg over var den manglande skjeggveksta. Dei andre mannlege medelevane hadde langt meir ansiktshår å vise til. Eit anna problem var fransktimane. Ola hata fransk Kva var eigentleg vitsen med å bøye franske verb? Og kva var eigentleg hensikta med livet? Ofte sat han å stirra ut vindauga i klasserommet. Ute skein sola, vipa kvitra, det var vår. Han såg ein bonde i ferd med å pløye ein åker. Ola skulle gjerne byte med bonden. Alt var betre enn franske gloser. Mismotet seig på. Men «din tanke er fri» og Ola let tankane vandra. Til «dette», «det som skulle bli», til ideen han